søndag 2. oktober 2022

 

Familiedag på Haualeite

Kvart år arrangerer Høgskulen i Volda familiedag i samband med forskningdagane. Formålet med forskningdagane er å skape merksemd, samt vise breidda av forskninga som går for seg på Høgskulen.

Utklipp frå avisa Møre

Volda bygdetun er ein del av stiftinga Sunnmøre Museum. Tunet ligger på Haualeite ved foten av Rotsethornet. Det er 20 hus som er ordna som eit gardstun på Sunnmøre på midten av 1800-tallet. Det elste huset er Sengjebu frå 1500-tallet. Blant husa som står på Haualeite er Joplassen også kalle Vassbakkestova. Den stova er ein husmannsplass som sto på Halkjelsvik og var ein del av Moritsgarden. Husa vart sette opp i 1873. (Norsk kulturarv, u.å.)

Volda bygdetun
 (Foto: K. Ryslett & S. Kassembo)

På Volda bydetun

Vi blei inndelt i 3 grupper der kvar gruppe skulle halde til i kvart hus på bygdetunet. Dei ulike gruppene skulle lage eplesaft, potetkake og flatbrød. Merete og eg fekk oppdrag å lage smør. Ingen av oss har prøvd å lage smør før, så eg tok initiativ å lære meg å lage det på forhand. Merete tok seg av det skrifteleg delen og laga ei flotte brosjyra som vi delte ut til dei som vil ha det.

Brosjyra (Foto: M. Viddal)

Søndag 25. sep var vi på plass på Haualeite. Vi pynta husa før gjestene kom. Vi la skinn på benkane og la på ein 150 år gamal løpar og pynta med lys der smøret skulle stå. Merete fekk låne ei kinne medan eg lånte mange gammalt ustyr knytt til smør hos ein god ven, Øystein Strømsvik på Skødje. Av skulen på Runde fekk vi låne ein separator.

Smørkanne frå 1787 laget av kannestøperi i Bergen
 og ein separator frå skulen på Runde
(Foto: S. Kassembo)

Eg hadde på meg ein nikkers, ullsokkar, ruta skjorte,kofte og ein sixpence medan Merete hadde på seg strikka genser/kufte, skaut, ullsokkar og skjørt. 

Merete og eg på tunet 
(Foto: H. Høydal & M. Viddal)


Det kom folk ganske jampt og vi greidde å lage liv på tunet. Barna syntest det var kjempekjekt å lage sitt eige smør og dei fekk ta med smør heim, medan vaksne syntest det var interessant å høyre korleis vi laga smør og ikkje minst historie om smør. Vi var glade for at Hege steikte nydelege flatbrød i same huset som oss.





Aktiviter under familiedag på Haualeite
(Foto: Hege L.Walle, M.Viddal & S. Kassembo)

Oppskrift smør

Ø  7,5 dl fløyte vert 500 g smør

Ø  Hygiene er fyste bod når ein lagar smør << Uønskede bakterier som få lov å overleve eller vokser i maten, kan gjør oss både alvorlig syke og redusere produkters holdbarhet og kvalitet >> (Forskning.no, 2022).

Ø  Det er også viktig å ha eit godt produkt og at rommet har kjellartemperatur. Viss ikkje kan det ta timevis før ein får ut smør.

Ø  Ha i fløten 1 -2 ss kjermemelk eller skumma kulturmjølk og la det ligge i syrning 1 - 3 dagar. Dette er ein viktig prosess for smøret. Mjølkesyrebakteriane hjelp til å gje smøret den ekte lukta og smaken som er karakteristisk for smør. (Bon Appétit, 2022, 1:20)

Ø  Visp fløyten i kjøkkenmaskin til kjernemjølk/saup kjem ut og smøret har samla seg til ein klump.

Ø  Vask smøret i kaldt vatn til du ser vatnet er klart.

Ø  Arbeid smøret godt opp på ein benk, bruk gjerne trespader til det. Av å til kan hendene vere for varme, då vil smøret ble klissete.

Ø  Tilsett 1- 2 ts salt. Då kjem der meir kjernemjølk/saup ut. Dette er ein veldig viktig prosess for smøret si holdbarheit. (Food Insider, 2020, 4:55)

Laging av smør
(Foto: H. Høydal & S. Kassembo)

Ikkje kast saupen, det var vanleg i gamle dagar å bruke saupen til baking, leskedrikk eller til å lage ost og prim. (Nasjonalbiblioteket, 2015, 22:10)

Ø  Smøret kan tilsetjast forskjellige smakar. Eg smaksette smøret med tørka trøffeltang for eg arbeider på Runde, der vi bur nær sjøen. Trøffeltang er ei veldig god vitaminkjelde. Saupen brukte eg til å lage prim.


Trøffeltang smør og prim
 (Foto: H. Høydal & S. Kassembo)


Ø  Ha smøret i ei form men husk å bløytelegge formene men ikkje pinnane.

Ø  Legg eit godt lag på alle sidene med mønstre før du fyller heile forma.

Ø  La smøret kvile i kjøleg i 2 - 5 dagar. Jo lenger, desto betre.



Smør dekorert frå ein gamal smørform 
 (Foto: H. Høydal)


Smør - eingong bondens gull og nasjonal valuta

Bondegarden på Flø (Foto: E. Flø & S. Kassembo)

<<Smør er et produkt av melkefett, vann og salt som brukes til baking annen matlaging, til steking og som pålegg>> (Bolstad, 2022, Store norske leksikon).

Mjølk og mjølkeprodukt har vore ein sentral del av de norske kosthaldet heilt tilbake til viking tida. Frå dei elste tidene har nok det å lage smør vore grunnlaget for korleis andre mjølkeprodukt vart utvikla. Ein fekk godt betalt for smør eller ein kunne bytte i andre ting til hushaldet. Smør var også ein framifrå metode for langtidslagring av mjølka. (Kongsvik & Støfringsdal, 2008, s.104)

Smør var et alminnelig næringsmiddel både i Norge og på Island i middelalderen. Det er nevnt både i den Gulatingslova og i den nyere Landsloven. Både kuleie, jordleie og landskyld ble utredet i form av smør. Det ble derfor et viktig betalingsmiddel ved varebytte og betaling av skatt. (Bolstad, 2022, Store norske leksikon)

Oppsumering

<<Skikken med å nytte fløyten til smør og resten til ulike typar ost og drikke viser korleis ein, utan dagens kunnskap om bakteriekulturar og hygiene, har utvikla gode metodar for bruk og oppbevaring som sikra mjølk sine helsame kvalitetar>> (Kongsvik & Støfringsdal, 2008, s. 104).

Eg synest vi fekk til eit godt opplegg som fekk fengde både store og små. Skulle ønskje vi fekk arrangere fleire slike opplegg rundt omkring i bygdene.

Litteraturliste


Bolstad. (2022). Smør. Store norske leksikon. https://snl.no/sm%C3%B8r

Bon Appétit. (2022). How To Make Your own ButterYouTube-Kanal. Henta frå https://www.youtube.com/watch?v=bzgRUDI4YBU

Food Insider. 2020. How Traditional French Butter Is Made In Brittany. YouTube-Kanal. Henta frå  https://www.youtube.com/watch?v=ZyXUzhTn0kI

Forskning.no. (2022). Slik kan uønskede bakterier fjernes i maten. https://forskning.no/bakterier-biokjemi-mat/slik-kan-uonskede-bakterier-fjernes-i-maten/1967857

Kongsvik & Støfringsdal. (2008). Fjordamat. Selja forlag.

Nasjonalbiblioteket. (2015). Stølskona. Youtube-Kanal. Inspirasjon henta frå https://www.youtube.com/watch?v=nzRWOmv2ZqI

Norsk kulturarv. (u.å.).Volda Bygdetun og Garverimuseum. https://kulturarv.no/kulturminne/volda-bygdetun-og-garverimuseum/



 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar